Bli med på tur på Bryne onsdag 30. mars kl 1730. Oppmøte ved brua ved inngangen til Sandtangen på Bryne
Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande fugleliv. Vidare går turen ut av skogen og opp i Vardheia, det første byggjefeltet på Bryne (frå 1950).
Turen fortset over Brynehaugen, forbi eitt av dei eldste villastroka på Bryne, Solhøgda. På brua over Arne Garborgs veg får vi fint utsyn over Mølledammen med Fritz Røed sine skulpturar. Turen går så forbi Bryne Mølle (frå 1929), handlesenteret M44 og vidare langs Roslandsåna, kor det fins både laks og sjøaure.
Ein kjem så til Refeltet, ut på Grødalandsvegen og etterkvart Kringlemyra. Turen går no forbi Bryne ungdomsskule, ein runde i parken Geitahodne og ut igjen til Ole Tjøttas veg, oppkalla etter den dyktige, men ulukkelege målaren. På vegen vidare er vi innom Mølledammen, langs Bryneåna og tilbake til Sandtangen. Turen er 8 km.
Oppmøtested: Sandtangen, ved inngang/bru kl 17:30
Sjå omtale av turen her: https://www.stf.no/aktiviteter/?organizers=forening:815
Åpning av krokket- og bocciabanene
Velkommen til åpning av krokket- og bocciabanene i Sandtangen Onsdag 10. september kl. 14:00
Velkommen til våre nyeste attraksjoner!
Det skjer stadig nye ting i Sandtangen, og vi kan nå ønske dere velkommen til våre nyeste attraksjoner!
Krokket og boule i Sandtangen
Det er snart klart for krokket og boule i Sandtangen!